Förbundet Nordlek er ein nordisk samarbeidsorganisasjon med 23 medlemsorganisasjonar i alle dei nordiske landa og sjølvstyrte områda.
Noregs Ungdomslag er einaste norske medlemsorganisasjon.
Kvart tredje år blir den nordiske folkedans- og folkemusikk-festivalen NORDLEK arrangert, og det går på rundgang mellom Noreg, Danmark, Sverige og Finland. Det kjem mellom 2000 og 3000 dansarar og musikarar frå heile Norden til desse festivalane.
I 2024 er det Aust-Agder Ungdomslag som inviterar til NORDLEK i Arendal.
I tillegg til dei store NORDLEK-arrangementa blir det arrangert BARNLEK for barn, Nordiske Folkekulturkongressar og mindre stemne og festivalar på Island, Færøyane, Grønland og Åland. Alt dette kan du lese meir om på www.nordlek.org.
Arendal er ein stor by med ei kompakt bykjerne. NORDLEK vil fylle byen med dans og musikk, og det er kort gangavstand mellom dei ulike arenaene.
Hovudområdet er på Sam Eydes plass og Kulturhuset, med Kulturkammeret, Kanalplassen, Torvet og Pollen like ved.